Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Bli med på Plastdugnaden – søk no!

mar 11, 2026, 15:49 e.m. by Nina Sævik

Er du med i eit lag eller ei forening? No kan de få 500 kr per deltakar for å rydde bos.

 

Kven kan søke?

Foreninger som:

  • Har medlemmer i alderen 6-19 år
  • Er registrert i Brønnøysundregisteret og har organisasjonsnummer (f.eks. idrettslag, klubber, korps, drill, kor)

Kven kan ikkje søke?

  • Skular, FAU og russegrupper
  • Borettslag og velforeiningar
  • Foreininger med plast/miljø som hovudformål

Fleire lag/grupper fra same foreining kan søke, men det blir utbetalt til kun eitt felles kontonummer som tilhøyrer foreininga som står som søker.

Kor mykje kan ein søke om?

Ein kan søkje om 500 kroner per deltakar (6-19 år) som ryddar i minst tre timar.

Maksimal søknadssum per organisasjon er 50 000 kroner. Dette tilsvarar 100 deltakarar i dugnaden (500 kroner per deltakar).

Viktige datoar: 

  • 16. mars: Opent for søknadar
  • 31. mai: Søknadsfrist
  • 10. juni: Dugnad må vere gjennomført og sluttrapportert

Sjå her for meir informasjon og søknadsskjema

Plastdugnaden er eit samarbeid mellom Handelens Miljøfond og 17 SpareBank 1-stiftelser over heile landet.