Nyhende
Grønt hurra!
des 15, 2025, 11:04 f.m.
by
Nina Sævik
Med ei ny sertifisering på plass, har SSR blitt endå grønare.
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk fekk nyleg gleda av å smykke seg med tittelen Miljøfyrtårn. Torsdag i førre veke kom ordførar i Ulstein kommune Stian Skorgen Scheide på besøk for å gratulere og overrekke plakett og blomsterbukett.
– Som eigar er det ekstra kjekt at det ikkje berre er konteinarane og bilane som er grøne, men at selskapet no også får eit grønt stempel som Miljøfyrtårn, seier Ulstein-ordføraren.
Han gratulerte og overleverte det synlege beviset på arbeidet som har vore gjort opp mot sertifiseringa siste året, før han fekk ei omvising.
Tidlegare i haust kom ein ekstern sertifisør frå stiftinga Miljøfyrtårn innom hovudanlegget i Saunesmarka og alle tre miljøstasjonane for å vurdere om SSR hadde det som skulle til.
– Kort tid etter fekk vi tilbakemelding om at eldprøva var bestått, fortel dagleg leiar i SSR, Andrea Sæverud.
– Vi er i ein bransje der det heile tida skjer noko nytt. Det blir stilt strenge krav til jobben vi gjer, og korleis den påverkar miljøet – og det skulle berre mangle. Gjennom sertifiseringa har vi fått stramma opp interne rutinar og prosedyrar, fått grundigare dokumentasjon på arbeidet vi gjer og planlagt nye mål å strekke oss etter.
Ho rosar kollegaene Einar Heimdal som har vore ein viktig motor i sertifiseringsarbeidet og Nina Sævik som får ansvaret for rapportering og resertifisering vidare.
– Med ei Miljøfyrtårn-sertifisering i hus, blir vi meir skjerpa. Vi får betre oversikt over miljøarbeidet vårt, både når det gjeld klima, miljø og arbeidsmiljø. Samtidig får vi eit godt verktøy for å vurdere om vi er på rett veg til å nå måla vi har sett oss. Å vere Miljøfyrtårn forpliktar, samtidig som det gir oss ei tydeleg retning for vegen vidare.
Kva er Miljøfyrtårn?
Miljøfyrtårn er ei nasjonal ordning som tilbyr eit konkret sertifiseringsverktøy og eit effektivt miljøleiingssystem. Sertifiseringa skal hjelpe verksemder med å redusere miljøbelastinga, stimulere til grøn omstilling og auke konkurransekrafta. Sertifiseringa er godkjent av EU og anerkjent som ein offisiell miljøstandard i Noreg.
Kjelde: miljofyrtarn.no