des 10, 2025, 10:37 f.m.
by
Nina Sævik
På grunn av heilagdagar endrar vi hentedag i enkelte soner.
Vi hoppar ikkje over nokon hentingar, men flyttar litt på enkelte hentedagar for å få både jula og hjula til å gå rundt. Det kjem både sms-varsel og annonse i avisa når det nærmar seg.
Desse sonene må hugse på å sette ut dunkane på ein annan vekedag enn vanleg:
Ulstein
Sone 3: Onsdag 24.12 blir henta fredag 19.12 (matavfall og restavfall).
Sone 4: Torsdag 25.12 blir henta måndag 22.12 (matavfall og restavfall).
Sone 5: Fredag 26.12 blir henta tysdag 23.12 (matavfall og restavfall).
Herøy
Sone 8: Onsdag 31.12 blir henta måndag 29.12 (matavfall, papir og plastemballasje).
Sande
Sone 9: Torsdag 1.1 blir henta fredag 2.1 (matavfall, papir og plastemballasje).
Den grøne ekstrasekken til restavfall kan du setje ved sida av dunken din på hentedagen for restavfall.
Hugs å setje ut dunken kl. 07.30, og lat den stå til han er tømd. På grunn av dobbel rute i jula, kan vi kome til å dukke opp seinare enn vanleg.
Takk for samarbeidet og god jul!