Nyhende
Får vi til eit godt snøsamarbeid?
nov 20, 2025, 09:15 f.m.
by
Nina Sævik
Snøen kan gje utfordringar for både dunken, brøytebilen og renovasjonsbilen. Tre stykk som kan sette ein stoppar for kvarandre – eller samarbeide til det beste for alle. Vi håpar vi klarer det siste, men då treng vi di hjelp.
Slik legg du til rette for at vi kan få gjort jobben vår:
- Set ut dunken om morgonen dersom det snør, og seinast innan klokka 7.30.
- Tenk over om dunken står i vegen for brøytebilen. Når brøytebilen ikkje kjem seg fram, blir det også vanskeleg for renovasjonsbilen å kome seg fram.
- Pass på at dunken står slik at han ikkje blir gravlagd i ein brøytekant.
- Mok fram dunken dersom han er innesnødd.
- Ein renovatør kan tømme opp til 500 dunkar om dagen. Strø gjerne litt rundt dunken dersom det er glatt, så klarer vi å gjere jobben vår meir effektivt og trygt.
Vi er klar over at dette ikkje er like lett å få til overalt. Men om vi alle prøvar å gjere vårt for å gi dunken, brøytarane og renovasjonsbilen eit godt snøsamarbeid, kjem vi ganske langt. Tusen takk – og kos deg i snøen!