Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Laurdagsope i Saunesmarka

apr 7, 2025, 13:02 e.m. by Nina Sævik

Har du ting du vil kvitte deg med, men kvardagen er full av andre gjeremål? Miljøstasjonen i Saunesmarka har ope fleire laurdagar kl. 12.00-16.00!

Miljøstasjonen i Saunesmarka har tidlegare hatt laurdagsope to gongar i året, og utvida tilbodet til fem dagar i fjor som eit prøveprosjekt. No kan innbyggjarane sjå fram til ti laurdagar med opne portar i Saunesmarka i 2025. 

Tilbodet gjeld utvalde laurdagar frå april til oktober, når det er høgsesong for kasting av avfall på miljøstasjonen. Når det vårast, livnar også rydde- og kastelysta til!

Laurdagar vi held ope i Saunesmarka i 2025: 

12. april
26. april
10. mai
24. mai
14. juni
28. juni
23. august
6. september
20. september
11. oktober

Skal du kaste hageavfall?

Greinplassen på Eidet opnar 1. mai, fram til då kan du levere hageavfallet ditt på miljøstasjonen i Saunesmarka.

Velkomen innom!