Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

No får du sortert dei øydelagde kleda dine

mar 3, 2025, 12:40 e.m. by Nina Sævik

Endeleg kan den holete t-skjorta di også få ein ny sjanse. Miljøstasjonane våre tek no imot øydelagde klede og tekstilar til materialgjenvinning. 

Kvart år kastar vi nordmenn 49 000 tonn klede og tekstilar i restavfallet, som utgjer rundt 9 kilo per person. For at minst mogleg skal hamne i restavfallet og gå opp i røyk, har EU i år innført eit krav om at øydelagde klede og tekstilar skal sorterast for seg og gå til materialgjenvinning.

Slik sorterer du dei øydelagde kleda dineØydelagde klede og tekstilar_1_0_2

SSR tek imot øydelagde klede på alle dei tre miljøstasjonane våre i Ulstein, Sande og Herøy. 

På stasjonane har vi ein behaldar som er merka «Øydelagde klede og tekstilar». I denne kan du kaste reine og tørre klede og tekstilar av ull, bomull, lin og silke som er utslitne, holete og/eller flekkete. Når du leverer dei, må dei vere pakka i ein gjennomsiktig pose. 

Ikkje alt kan bli til nytt liv

Plagg som er våte, fuktige og tilgrisa, eller som for eksempel er av syntetisk materiale eignar seg ikkje for gjenvinning, og må kastast som restavfall. 

Øydelagde klede og tekstilar som skal i restavfallet:

  • Undertøy og sokkar
  • Syntetisk materiale som badeklede og treningstights 
  • Tekstilar med glitter og paljettar
  • Regntøy, fleece og softshell 
  • Tekstilar med fleire lag: yttertøy, vottar, dyner/puter
  • Klede med refleks
  • Sko, vesker, skinn og lêrRestavfall_1

Dersom du har med deg denne type klede og tekstilar til miljøstasjonen har vi ein eigen restavfallsbehaldar dette kan kastast i. 

Framleis brukande?

Klede som andre kan ha glede av å bruke vidare, kan du framleis levere til Fretex, Fileks og UFF-boksane som står plassert på miljøstasjonane våre og elles rundt om i kommunane.

Spør om hjelp!

Er du i tvil, spør ein av våre tilsette – dei vil kunne hjelpe deg med sorteringa på miljøstasjonen. 

Er glad for å ha fått på plass avtale

Dagleg leiar i SSR, Andrea Sæverud, er glad for at kleda skal ut av restavfallet, og er veldig nøgd med å no kunne tilby innbyggjarane på Søre Sunnmøre ei løysing for sortering av øydelagde klede og tekstilar. 

– Vi har inngått eit samarbeid med Norsk Gjenvinning og Norsk Tekstilgjenvinning om å ta imot dei øydelagde kleda og tekstilane som innbyggjarane leverer til oss. Vi er glade for å ha fått til ein avtale med aktørar som handterer det vi sender frå oss på ein skikkeleg måte, seier Sæverud.

Ho peikar likevel på at det er ikkje alle slags tekstilar som eignar seg for gjenvinning. 

– Ein syntetisk billiggenser som er produsert i plaststoff som akryl og polyester, er med dagens teknologi ikkje like lett å resirkulere som stoff av naturfiber som ull og bomull. Same kva regelverket seier, så må faktisk ein god del øydelagde tekstilar likevel dessverre ende sine dagar i restavfallet. I samarbeid med innbyggjarane skal vi uansett få sortert ut og gjenvunne alt vi kan av dei gode kvalitetane, og vi tek derfor no imot øydelagde tekstilar gratis på miljøstasjonane.

Blir ikkje avvist

– Det er viktig at kleda som skal i behaldaren for «Øydelagde klede og tekstilar» er pakka i ein gjennomsiktig pose eller sekk før du kastar den på miljøstasjonen. Dette er fordi vi gjer ein kvalitetssjekk før vi sender tekstilane vidare, og gjennomsiktige posar vil effektivisere arbeidet. Kjem du med eit handlenett med tekstilar på miljøstasjonen, blir du ikkje avvist altså. No i starten har vi liggande gjennomsiktige sekkar som folk heller kan flytte tekstilane over i, seier Sæverud.

Ho minner om at sekkane og posane ein får til plastemballasje og matavfall, berre skal brukast nettopp til desse avfallstypane. 

– Det er fort gjort å ta ein plastemballasjesekk og bruke den til noko anna. Støtt då heller den lokale handelsstanden og kjøp inn nokre rullar med gjennomsiktige avfallssekkar som du kan bruke til både hageavfall, grovavfall og tekstilar, seier Sæverud.