Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Lyst på ein aktiv sommarjobb?

feb 6, 2025, 15:04 e.m. by Nina Sævik

Vi er på jakt etter ferievikarar til juni, juli og august. 

Med sommarjobb hos oss får du: 

  • Vere mykje ute.
  • Bruke kroppen.
  • Bidra til at råvarer kjem på rett plass.
  • Oppdage krikar og krokar av ytre, søre Sunnmøre du kanskje ikkje visste om?

Arbeidsoppgåvene vil vere på komprimatorbil, sorteringsband samt diverse arbeid på miljøstasjonane våre.

Du som søker må ha fylt 18 år, ha ei positiv innstilling og like å ta i eit tak.

Send søknaden din til rune@reinhaldsverket.no og skriv kva veker du kan jobbe. Dei som kan jobbe lengst mogleg, vil kunne bli prioriterte. Søknadsfristen er 9. mars.

Vi gler oss til å høyre frå deg! Tips gjerne nokon som kan vere interesserte!