Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Vi ser etter avdelingsleiar innhenting

jan 24, 2025, 09:35 f.m. by Nina Sævik

Har du god logistikkforståing, sansen for effektivisering – og veit korleis rettleie og motivere eit team av tilsette? Då er du kanskje rett person for denne jobben.

Stillinga er 100 %

Du får desse oppgåvene:

  • Ansvar for planlegging og koordinering av den daglege drifta av renovasjonsbilane
  • Rettleie og motivere eit team av tilsette, og sikre at dei har god opplæring
  • Bruke interne fagsystem saman med køyrekontor
  • Ruteoptimalisering og saksbehandling
  • Medarbeidarutvikling og personaloppfølging
  • Rapportering til driftsleiar
  • Som medarbeidar i SSR kjem du inn i ein bransje i stor utvikling, og
    arbeidsoppgåver kan difor bli lagt til eller endra over tid

Du har desse kvalifikasjonane:

  • Gode digitale ferdigheiter og logistikkforståing
  • Dyktig til å formulere deg skriftleg og munnleg på norsk
  • Kundevenleg, systematisk og serviceinnstilt
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar:

  • Sjølvstendig med gode samarbeidsevner
  • Gode leiareigenskapar og oppteken av HMS
  • Interessert i å utvikle deg og medarbeidarane dine fagleg
  • Appetitt på vidare digitalisering og effektivisering

Personlege eigenskapar vert vektlagde i ei heilskapleg vurdering av søkjarane.

Vi tilbyr:

  • Ei stilling i ein spennande bransje i stor utvikling
  • Nye og moderne anlegg
  • Lønn etter avtale, og pensjonsordningar gjennom KLP

Spørsmål om stillinga kan rettast til driftsleiar Rune Tarberg, tlf. 90 95 57 81.

Send søknad og CV på e-post til rune@reinhaldsverket.no.
Søknadsfrist: 23. februar 2025.