Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Meir laurdagsope i Saunesmarka

jan 23, 2025, 09:51 f.m. by Nina Sævik

Det var mange innbyggjarar som nytta laurdagen til å kvitte seg med avfall på miljøstasjonen i Saunesmarka i fjor. I år doblar vi innsatsen og held ope ti laurdagar frå april til oktober. 

Miljøstasjonen i Saunesmarka har tidlegare hatt laurdagsope to gongar i året, og utvida tilbodet til fem dagar i fjor som eit prøveprosjekt. No kan innbyggjarane sjå fram til endå fleire laurdagar med opne portar i Saunesmarka.

– Vi hadde veldig god respons i fjor, det er tydeleg at laurdagsope er noko folk ønskjer. Medan miljøstasjonane våre i Herøy og Sande har kveldsope til 19.00 måndag til torsdag, stengjer Saunesmarka kl. 17.30. Mange har ofte andre aktivitetar på ettermiddagen, eller har så vidt fått i seg middagen når vi stenger. Då er det fint med laurdagsope – vi håpar og trur at  folk vi halde fram med å bruke tilbodet, seier Andrea Øien Sæverud, dagleg leiar i SSR. 

Tilbodet gjeld utvalde laurdagar frå april til oktober, når det er høgsesong for kasting av avfall på miljøstasjonen. Når det vårast, livnar også rydde- og kastelysta til, kan Sæverud fortelje.

– Ja, då er det mange av oss som innser at vi har ein garasje som burde ryddast, terrasse som burde byggast eller loft som burde tømmast. Velkomen innom!

Dette er laurdagane du kan legge inn i kalenderen om du skulle trenge deg ein helgetur på miljøstasjonen i Saunesmarka. Opningstida desse laurdagane er frå 12.00 til 16.00: 

12. april
26. april
10. mai
24. mai
14. juni
28. juni
23. august
6. september
20. september
11. oktober