Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Vi har funne syndaren

des 2, 2024, 15:20 e.m. by Nina Sævik

Sidan brannen i papirpressa på fredag har vi no fått undersøkt papirbunten der brannen starta. Vi har fått bekrefta det vi mistenkte: Det var eit litiumbatteri som var årsaka.

Batteriet ser ut til å vere av den typen som blir brukt til verktøy, til dømes på ein drill eller trådlaus støvsugar.

Batteriet har truleg kome inn saman med papp som blei levert på ein av miljøstasjonane våre. Vi tippar det har hamna i ei pappkasse ved eit uhell, men som vi har fått erfart, slike uhell kan få store konsekvensar. 

Vi i SSR har derfor eit førjulsønske til deg som bur i Sande, Herøy, Ulstein og Hareid: Ver ekstra merksame på at alt av batteri blir sortert før du leverer dei inn på miljøstasjonane våre. 

Og sidan vi no går inn i julesesongen – det er kjekt med kort som spelar og syng, men hugs å ta ut batteriet før du kastar kortet i søpla. 

Og har du høyrt at det er lurt å tape polane på brukte batteri? Det er i tilfelle heilt korrekt, og grunnen til det er at når brukte batteri oppbevarast saman, er det ein risiko for at polane kjem i kontakt med kvarandre. Då kan batteria begynne å generere varme, og i verste fall kan det begynne å brenne. 

Så begynn å tape polane i dag, viss du ikkje allereie gjer det. Du er ekstra lur viss du oppbevarar dei i eit syltetøyglas, sidan glas er dårleg på å lede varme. 

Det er ikkje berre for miljøet si skuld vi masar om kjeldesortering. Det handlar også om sikkerheit. Denne gongen gjekk det bra, neste gong er vi kanskje ikkje like heldige. 

Bildet øvst i saka viser batteriet som starta brannen. Bilde under viser batteriet som starta brannen og eit liknande batteri som ikkje hadde noko med brannen å gjere (for å vise kva batteritype det er snakk om).

Brann til samanlikning