Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Pass på dunkane dine i hauststormen

okt 21, 2024, 09:57 f.m. by Nina Sævik

Årets fyrste hauststorm er i anmarsj – pass på dunkane dine, både på hentedag og elles.

Fyrst av alt, vi følgjer alltid med på vêrvarselet, og dersom forholda tilseie at vi ikkje kan køyre i eit område sender vi ut SMS i området det gjeld. Eventuelle innstilte ruter tek vi igjen så fort sjansen byr seg.

Her får du nokre tips til godt dunkevett når det bles skikkeleg opp:

  1. Ikkje set ut dunken til tømming kvelden før. Då risikerer du nemleg å gi dunken din ei rimeleg heftig natt, med potensielle skader og forsøpling både for deg og naboen.
  2. Fastknytte sekkar og dunkar er vanskelege å frigjere med arbeidshanskar på, så bruk bagasjestroppar dersom du ser deg nøydd til å tjore dunkane fast på hentedag.
  3. Du kan legge ned dunkane dine slik at dei ikkje veltar før dei er tømde. Du kan forsøke å feste loket med noko for å hindre at det opnar seg, men gjer det enkelt for renovatøren å opne loket for tømming.
  4. Etter tømming, legg vi dunken ned for å unngå at han tek hjula fatt og stikk av. Finn du ein liggande dunk, er det altså stort sett ein god grunn til det. 
  5. Har du sjansen til å stå over ei levering av plastemballasjesekken? På svært vindfulle dagar kan dette vere lurt for å unngå rømlingar. Papir, papp og plastemballasje kan du nemleg alltid levere gratis på miljøstasjonen. Du kan også levere meir enn ein sekk med plastemballasje på neste hentedag.

Takk for samarbeidet!