Nyhende
Få pengar for å rydde!
mai 14, 2024, 15:19 e.m.
by
Nina Sævik
I år som i fjor kan lag og organisasjonar søke om å få 7.500 kroner i motivasjonsmidlar ved å arrangere ein ryddeaksjon i fjøra.
Bakgrunnen er at Sunnmøre Friluftsråd har søkt om og fått midlar frå Handelens miljøfond (HMF). HMF er handelsnæringa si satsing for å løyse miljøproblema med plastforureining, noko dei blant anna gjer ved å tildele midlar til strandrydding og rydderelaterte aktivitetar. HMF får midlane sine gjennom plastposekontingenten ein betalar i butikken ved kjøp av handleposar.
Motivasjonsmidlane på 7.500 kroner er eit supert tilbod for dei som ønskjer å gjere ein innsats for naturen og lokalmiljøet, og samtidig tene ein liten slant til organisasjonskassa.
For å søke om pengar, må ein oppfylle desse kriteria:
- Vere registrert som organisasjon/lag med organisasjonsnummer.
- Høyre heime i ein av dei 15 medlemskommunane til Sunnmøre Friluftsråd.
- Arrangere ein strandryddeaksjon før utgangen av 2024 på minimum 2 timar.
- Registrere aksjonen i ryddenorge.no i etter kant.
- Levere ein kort rapport med blant anna mengde avfall, tidsbruk, antal deltakarar og kvar det blei rydda.
SØK OM MIDLAR HER
Vurderinga av innsendte søknadar vil skje fortløpande. Dess tidlegare ein sender inn, dess større sjanse er det for at ditt lag får delta.
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) og Runde miljøsenter er samarbeidspartnarar for prosjektet i kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein. SSR stiller med ryddeutstyr og bidrar med avfallshandtering etter behov.