Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Har du fått ein uventa faktura frå oss i posten?

mai 8, 2024, 12:53 e.m. by Nina Sævik

Dei siste dagane har fleire av dei abonnentane våre som vanlegvis får e-faktura, mottatt faktura frå oss i postkassa i staden. Fakturaen gjeld renovasjonsgebyret, og skal betalast – men vi har ingen planar om å reversere digitaliseringa.


Dersom du er ein av dei som har fått fakturaen i posten er det pga. ei omlegging i bankane frå 1. mars. Det viser seg at dersom ein ikkje hadde kryssa av i nettbanken i eit felt som heiter Ja takk til alle (e-faktura), så vil du ikkje kunne motta e-faktura etter 1. mars. Hadde du inngått e-faktura-avtalar i forkant med enkeltselskap, men ikkje takka ja til alle, datt du ut av oppgraderinga til bankane. Systemet slusa då desse kundane tilbake til papirfaktura.

Her er litt meir om det tekniske rundt det frå DNB: www.dnb.no/bedrift/dagligbank/betaling/efaktura#overgang

Vi beklagar at dette har skjedd, men det er altså ei omlegging som står utanfor vår makt. Dei innbyggjarane som opplever dette, kan gå inn i nettbanken sin og krysse av på Ja takk til alle. Har ein fått papirfaktura, må ein betale denne no. Ved at dei som dette gjeld går inn i sin nettbank og gjer endringa, skal det vere i orden til neste gong. Både med tanke på renovasjonsgebyret og andre e-faktura-avtalar.

– Greitt nok at vi er glade i å gjenvinne papir, men det aller beste er om vi som samfunn lagar mindre avfall. Vi har altså ingen planar om å reversere digitaliseringa med store mengder papirfakturaer i postkassa di framover, sei Andrea Øien Sæverud, dagleg leiar i SSR.