Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Laurdagsope på miljøstasjonen i Saunesmarka

apr 9, 2024, 15:58 e.m. by Nina Sævik

Miljøstasjonen i Saunesmarka held ope 12.00-16.00 fleire laurdagar framover. Første laurdag er 13. april.

Ordninga er eit prøveprosjekt, og dagleg leiar i SSR, Andrea Øien Sæverud kan fortelje at det kan vere aktuelt å utvide tilbodet endå meir dersom responsen er god. 

- Vi veit at dette er noko som mange innbyggjarar har lengta etter. I første omgang testar vi ut å ha laurdagsope ein gong i månaden i høgsesongen. 

Men kva er eigentleg høgsesongen for kasting av avfall på miljøstasjonen? Jau, når det tek til å vårast, ser det også ut til at rydde- og kastelysta livnar til. 

- Då innser mange av oss at vi har ein garasje som burde ryddast, terrasse som burde byggast eller loft som burde tømmast, sei Sæverud.

Desse laurdagane har ope kl. 12.00-16.00 i 2024: 

  • 13. april
  • 11. mai
  • 15. juni
  • 7. september
  • 12. oktober

Tidlegare har miljøstasjonen i Saunesmarka vanlegvis vore laurdagsopen ein gong i mai og ein gong i september.