Nyhende
Endra hentedagar i påska
mar 20, 2024, 07:59 f.m.
by
Nina Sævik
På grunn av heilagdagar endrar vi hentedag i enkelte soner.
Vi hoppar ikkje over nokon hentingar, men flyttar litt på enkelte hentedagar. Det kjem både sms-varsel og annonse i avisa når det nærmar seg.
Desse sonene må hugse på å sette ut dunkane på ein annan vekedag enn vanleg:
Sande kommune:
Sone 9: Torsdag 28/3 blir henta måndag 25/3 (matavfall, plastemballasje og papir).
Herøy og Sande kommune:
Sone 10: Fredag 29/3 blir henta tysdag 26/3 (matavfall, plastemballasje og papir).
Hareid kommune:
Sone 1: Måndag 1/4 blir henta tysdag 2/4 (matavfall, plastemballasje og papir).
Onsdag 27/3 er miljøstasjonen i Saunesmarka open kl. 08.00-12.00. Mjølstadneset held stengt denne dagen.