Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

– Vil ha ein fyrsteklasses fest

feb 29, 2024, 16:50 e.m. by Nina Sævik

Klasse 1A ved Ulsteinvik Barneskule la ikkje skul på gleda då dei fekk vite at dei hadde vunne 10 000 kroner i Returkartonglotteriet. Øvst på ønskjelista står ein fest med is, popkorn og hundre sandwichar.

Foto: Aron Støylen

 – Dei var raske med å setje seg ned og lage ønskjelister og teikningar av det dei hadde lyst til å bruke pengane på. Det er eit stort ønskje om å lage ein fest med mykje godt, men barbiedokke, fiskestong og badebasseng står også høgt på lista for nokre, seier kontaktlærar i 1A, Beate Hatlø Amundsen, med eit smil. 

SSR er på besøk hos klassa ved Ulsteinvik Barneskule for å fortelje den gode nyheita og dele ut diplom. Vikebladet er også med. Elevane viser stor entusiasme for premien, og både lærarar og barna er tydeleg glade.

– Vi vil at pengane skal kome alle fyrsteklassene til gode, men vi får tenkje litt meir på kva vi skal gjer med dei – men vi må jo nesten ha ein (fyrsteklasses!) fest for å feire litt, seier Amundsen.

Gunn-Lise Voldsund, som var initiativtakar til å levere inn kubben med kartongar, seier at det var veldig overraskande, men kjekt, å vinne premien. Ho legg til at dei har eit godt system for kjeldesortering på skulen. 

– Elevane har blitt flinke til å kjeldesortere, og er dei usikre så spør dei oss vaksne. Dei er også med ut og kastar søppelet i dei store behaldarane på skuleplassen. Når SSR kjem for å tømme behaldarane med krokbilane sine, står elevane klistra til vindauget og følgjer med – for det er stas! seier Gunn-Lise Voldsund.

Påskjønar dei som kjeldesorterer

– Vi er veldig glade for å kunne være med på å påskjøne dei som er flinke til å kjeldesortere, og det er litt ekstra kjekt at det er ei skuleklasse som har vunne premien denne gongen, seier kommunikasjonsansvarleg i SSR, Nina Sævik.

– Å gjenvinne brukte kartongar er mykje mindre energikrevjande enn å produsere papir frå nytt trevirke. Så gevinsten er stor for miljøet når folk skyl, brettar og leverer inn kartongar. Ein mjølkekartong kan brukast på nytt i alle fall sju gongar, til dømes som pizza- og Cornflakesøskjer eller dorullar, fortel Sævik. 

Fleire trekkingar kvart år

Kvart år trekker Grønt Punkt ut 124 vinnarar over heile landet som deler ein pott på 1,6 millionar kroner. Dei deler ut 120 premiar på 10.000 kroner og 4 premiar på 100.000 kroner i året.

Du kan velje om du vil levere kartongane enkeltvis eller i kubbar. Det er ikkje lenger krav til kor mange kartongar som skal vere i ein kubbe, slik det tidlegare var. Alle kartongar med namn og nummer er med i trekkinga av 100.000 eller 10.000 kroner.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.
  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner. 
  • Du kan delta med alle typar drikkekartong, uansett om dei er store eller små, i kubbar eller enkeltvis.
  • Skyl kartongen, press den flat og skriv namn og telefonnummer til den du vil skal vinne.