Nyhende
Ny økonomisjef snart på plass
feb 8, 2024, 12:53 e.m.
by
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
Gunn-Karin Røyset (59) er tilsett som ny økonomisjef i SSR. Ho tek til i stillinga 4. mars.
Røyset er busett i Eiksund og kjem no frå stillinga som assisterande rekneskapssjef i Bourbon Offshore. Før den tid var ho rekneskapssjef i Frøy Vest og har i tillegg fleire år bak seg som økonomiansvarleg og controller i Ulstein-konsernet.
-Eg opplever det meiningsfullt å skulle få jobbe i SSR og ser fram til å ta til i stillinga! Det blir spennande å jobbe med vidareutvikling av rutinar og rapportering innanfor økonomiområdet. Saman med dei andre tilsette i økonomiavdelinga og elles i selskapet, har eg tru på at vi finn gode løysingar.
- Vi gler oss over å få Gunn-Karin Røyset som kollega framover. Ho er både nyfiken og engasjert rundt det vi driv med i SSR, nemleg å legge til rette for gjenbruk av flest mogleg råvarer. Gunn er ein grundig type som framover skal vere med på å sikre effektiv drift og god rapportering til både styret og eigarkommunane våre, seier dagleg leiar i SSR Andrea Øien Sæverud.