Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

SSR leitar etter økonomisjef, kan du vere den vi ser etter?

des 7, 2023, 10:37 f.m. by Martine Holm

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS (SSR) er eit interkommunalt selskap med hovudbase i Ulsteinvik. Selskapet har ansvaret for avfallshandteringa for 25.000 innbyggjarar i dei fire kommunane Herøy, Hareid, Sande og Ulstein.

Vi ser etter ein samfunnsorientert og dyktig medarbeidar som skal bidra til å sikre kostnadseffektiv drift og god kvalitet på all økonomirapportering. Du skal kontrollere og kvalitetssikre tala våre og gjere utgreiingar som utrustar styringsorgana våre med nødvendig informasjon.

Vi ønskjer oss ein medarbeidar som kan vere med på å utvikle verksemda i tråd med utviklinga og krava i samfunnet om å tilby berekraftige løysingar. Du må vere framtidsretta og trygg, med god forståing for offentleg forvaltning og det samfunnsansvaret som verksemda skal ivareta.

Vi vil ha ein økonomisjef med god forretningsforståing, handlekraft og analytiske evner. Vidare ser vi etter ein relasjonsbyggjar og lagspelar som kan motivere og inspirere medarbeidarar.

Du bør ha høgare utdanning og dokumentert erfaring frå liknande arbeid.

Vår nye økonomisjef:

  • Har det overordna ansvaret for budsjett- og prognoseprosessar, økonomistyring og rapportering.
  • Utfører controller-, kartleggings- og analysearbeid.
  • Bidreg med å føre rekneskap .
  • Er ein pådrivar for digitalisering og forbetring av arbeidsprosessar.
  • Vil få personalansvar for to medarbeidarar med oppgåver innan økonomi og lønn.
  • Inngår i leiargruppa i selskapet og rapporterer til dagleg leiar.
  • Er initiativrik og har god gjennomføringsevne.
  • Kommuniserer tydeleg og godt skriftleg og munnleg.

Kan dette vere deg?

Frist for å søke er 4. januar 2024. Send søknad til dagleg leiar Andrea Sæverud pr. e-post ved å klikke her.

Nærmare opplysningar om stillinga får du av styreleiar George Fulford tlf. 95026213 eller dagleg leiar Andrea Sæverud, tlf. 41406670.

All uformell kontakt blir handsama konfidensielt.