Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Nina får ansvaret for SSR-kommunikasjonen

nov 28, 2023, 12:35 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Blant 20 søkjarar til jobben som kommunikasjonsansvarleg i SSR, var det Nina Sævik som trekte det lengste strået. 

 

41-åringen er i dag busett på Nærsnes i Asker, men flyttar heim til nybygd hus på Skeide i Ulsteinvik med mann og to barn til sommaren. Ho startar i jobben 12. februar og vil den første tida hovudsakleg jobbe frå heimekontor på Austlandet.

Sævik er utdanna journalist og har bakgrunn også frå marknadsføring. Dei 12 siste åra har ho jobba som fagansvarleg for kommunikasjon og redaktør i Norsk cøliakiforening.

- Eg ser fram til å jobbe for ei miljøbedrift som SSR. Eg gler meg til å bli kjent med dei andre som jobbar der, og til å få vere med å bidra til at vi alle tek meir miljøbevisste val i kvardagen, seier Nina Sævik.

Stillinga som kommunikasjonsansvarleg har ansvaret for informasjon ut til innbyggjarane både på digitale og trykte flater, miljøkommunikasjon til skular og barnehagar, internkommunikasjon, legge til rette for strandrydding, rapportering, strategiarbeid og anna sakshandsaming ved behov.

- Nina har hatt ei allsidig kommunikasjonsrolle i ein organisasjon der ho når fram til ei variert målgruppe. Det er ein kjempefordel når ho no skal hjelpe oss med å få ut god og viktig info til innbyggjarane våre. Vi gler oss til å starte samarbeidet, seier dagleg leiar Andrea Øien Sæverud i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk.