Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

No kan ditt lag få pengar for å rydde!

aug 29, 2023, 20:52 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Lag og organisasjonar kan no søke om å få 7.500 kroner i motivasjonsmidlar ved å arrangere ein ryddeaksjon i nærmiljøet. 

Bakgrunnen er at Sunnmøre Friluftsråd har søkt om og fått midlar frå Handelens miljøfond, det såkalla plastposefondet. Pengane skal brukast til å motivere folk til å gjennomføre strandryddeaksjonar i nærområdet sitt. Kvar gong du kjøper eit handlenett i butikken, går to kroner til dette fondet. 

Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) og Runde miljøsenter er samarbeidspartnarar for prosjektet i kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein. 

Søknadsfristen er 15. september, men vurderinga av innsendte søknadar vil skje fortløpande. Søknadsskjemaet kjem du til ved å klikke her.

For å søke om pengar, må de oppfylle desse kriteria:

  • Registrert organisasjon/lag med organisasjonsnummer.
  • Høyre heime i ein av dei 14 medlemskommunane til Sunnmøre Friluftsråd
  • De må arrangere ein strandryddeaksjon før utgangen av 2023 på minimum 2 timar.
  • I etterkant må aksjonen bli registrert i www.ryddenorge.no.
  • Levere ein kort rapport med blant anna mengde avfall, tidsbruk, tal på deltakarar og kvar det blei rydda.

I kommunane Hareid, Herøy, Sande og Ulstein stiller SSR med ryddeutstyr og hentar avfallet når aksjonen er over.

NB: Sunnmøre Friluftsråd har eit avgrensa budsjett til prosjektet, så det er ikkje garantert at der er pengar i potten til å støtte din aksjon.

Utbetalinga av motivasjonsmidlar vil berre skje til dei som har fått svar på søknaden om at dei har fått tilslag. Ryddeaksjonen skal skje i etterkant av dette.