Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Må dunken din ut ein annan dag i mai?

mai 15, 2023, 08:25 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Mai månad gir nye hentedagar for både sone 1, 3 og 4. 

Bur du i sone 3 og har henting onsdag 17. mai, ein offentleg fridag, ver obs på at vi kjem dagen før, tysdag 16. mai for å ta med oss restavfallet og matavfallet ditt. 

Held du til i sone 4 og har henting torsdag 18. mai, må du vente til fredag 19. mai før vi dukkar opp for å hente restavfall og matavfall. Torsdagen er det Kristi himmelfartsdag og dermed heilagdag. 

29. mai er det tid for ein ny heilagdag, andre pinsedag, og då er det innbyggjarane i sone 1 som må vente til dagen etter. Tysdag 30. mai kjem vi og hentar papir, plastemballasje og papir. 

Alle innbyggjarane som får endra hentedag, skal ha fått eller får sms-varsel om det i god tid. Vi anbefaler elles å følgje med på hentekalenderen i appen Min renovasjon. Du finn også ein utskriftsvenleg kalender ved å trykke her. 

Desse dagane køyrer vi doble ruter, noko som kan bety at vi dukkar opp seinare enn vanleg både i desse sonene og dei vi opphavleg skal køyre. Ein god regel er å la dunken stå ute til han er tømd. 

Takk for samarbeidet!