Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Grovavfallshenting på Kvamsøy og Sandsøy

apr 28, 2023, 13:03 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Fyrste veka i mai tek vi turen til øyane i ytre Sande for å hente med oss grovavfall, metall, farleg avfall og EE-avfall.

Vi kjem til Kvamsøya tysdag 9. mai, mellom kl. 12.30 - 18.30. Bilen står ved ferjekaia.

Til Sandsøya kjem vi onsdag 10. mai, mellom kl. 12.30 - 18.30. Bilen står ved Coop Marked Sandsøy.

Minstesummen ved levering av grovavfall er 70 kroner. Elles blir prisen rekna ut utifrå volum. Volumgebyret er 63 kroner per 0,1 kubikkmeter, 635 per kubikkmeter.

Det er kostnadsfritt å levere metall for alle. Privatkundar kan levere både EE-avfall og farleg avfall gratis, medan det blir kubikkpris for næringskundar. Ta gjerne med den raude boksen din med farleg avfall for å få den tømt. 

Betalinga skjer via kortautomat. Velkomen!

  Gamle malingsboksar og anna farleg avfall.