Nyhende
Berre ei sone får endra hentedag i jula
des 16, 2022, 12:03 e.m.
by
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
Restavfallet og matavfallet i sone 1 blir henta ein dag seinare denne jula på grunn av heilagdag.
Sone 1 ligg i Hareid kommune og omfattar Brandal, Hjørungavåg, Snipsøyrdalen og Hareidsdalen. Det kjem både sms-varsel og annonse i avisa når det nærmar seg. Elles byr denne romjula på ingen andre endringar i hentedag for innbyggjarane vår.
Har du lyst til å skrive ut hentekalender for 2023, finn du den her.
Vi anbefaler elles å laste ned gratisappen Min renovasjon for å få enkel tilgang til hentekalender på mobilen og push-varsling kvelden før om kva dunkar som skal ut.