Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Følg med i postkassa!

des 15, 2022, 10:06 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

For no kjem ekstrasekken til restavfall og ein infobrosjyre dalande ned i skjul blant julekort og reklame. 

 

No før jul får alle innbyggjarane tilsendt ein brosjyre og ein ekstrasekk til restavfall i posten. Denne sekken kan du bruke til julepapir og anna restavfall. Set den lysegrøne sekken ved sida av dunkane dine på hentedagen for restavfall, så plukkar vi han med oss.

Ver obs på at den dagen vi hentar papir, plastemballasje og matavfall, så får vi ikkje tatt med oss slike ekstrasekkar til restavfall. 

Design uten navn (11)

Usikker på kva tid neste hentedag er? Last ned appen Min renovasjon eller sjekk og skriv ut hentekalender her.

Varig oppgradering

I jula har ein gjerne meir besøk og meir avfall enn elles, og då kan det vere godt med litt ekstra plass. Treng du meir plass i restavfallsdunken heile året, kan du gå opp ein størrelse. Ta då kontakt med oss på firmapost@reinhaldsverket.no.

Tips og triks

  • Har du lyst til å bli betre på å minimere restavfallet ditt, får du nokre gode tips ved å trykke her. Lite restavfall kan tyde på at du er veldig god til å kjeldesortere eller har eit lågt forbruk.
  • Lurer du på kva som er typisk restavfall? Les gjerne meir her.
  • Treng du meir hjelp til å finne ut kvar du skal kaste ting, sjekk nettsida sortere.no eller last ned appen som også heiter Sortere.no.