Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Strandryddeveka er her!

aug 31, 2022, 09:12 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

9. - 18. september er det tid for Strandryddeveka 2022.

Strandryddeveka er ein nasjonal dugnad som får folk frå heile landet til å gjere ein ekstra ryddeinnsats, til glede for nærmiljøet, naturen og deg sjølv.

strandryddekonteinar

I samarbeid med eigarkommunane våre, Hareid, Herøy, Sande og Ulstein, vil vi sette ut eigne strandryddekonteinarar frå 9. til 18. september. Desse er SSR-grøne, og merka med eit blått skilt der det står "Strandrydding" på. Gratis ryddesekkar og hanskar i fleire størrelsar kan du hente på din nærmaste miljøstasjon.

I tillegg kan du alltid levere inn avfall frå ryddeaksjonar på miljøstasjonane våre. 


Her finn du strandryddekonteinaren i din kommune: 

Hareid:
På parkeringsplassen mellom rådhuset og Sparebanken Møre. 

Herøy:
Ytre: Indre almenningskai i Fosnavåg.

Indre: Myrvåg, ved bensinpumpene.

Sande:
På parkeringsplassen mellom rådhuset og gamlebanken på Larsnes.

Ulstein: 
Ved Shell, på parkeringsplassen på nedsida av vegen.

 

haug

 

Vi ber om at alle respekterer at det berre er avfall frå ryddeaksjonar som skal puttast i konteinarane. Dersom ordninga blir misbrukt, kan tilbodet bli avvikla.

Treng du å bli kvitt eige avfall, får du levere det meste på miljøstasjonane våre. Gjer du ein god sorteringsjobb i forkant, er mykje av det du som privatperson skal levere allereie vere inkludert i gebyret, til dømes farleg avfall, papp, plastemballasje, elektronikk og metall. 

Har du spørsmål? Send til firmapost@reinhaldsverket.no eller ring 70 00 70 50. 

Og du, tusen takk for at du er med på å gjere området vårt endå litt finare!