Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Det skal vere lett å kaste rett..

aug 12, 2022, 13:34 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Synest du ofte det er vanskeleg å finne ut kvar noko skal kastast?

Då er du ikkje aleine.

 

Her får du to tips som kan hjelpe deg å løyse sorteringsnøtta:

 

1: Sjå etter merkinga på emballasjen

Start alltid med å sjå etter merking på emballasjen. I dei aller fleste tilfelle finn du svaret her. På bilda under ser du eksempel på korleis dei nye sorteringsmerka på emballasje ser ut. Disse nye merka finst no på fleire og fleire av varene du kjøper og med tida vil alle gamle symbol bli bytta ut med disse nye sorteringsmerka, som faktisk blir like for heile Norden. Enklare merking for alle!

 

 sorteringsmerker på emballasje3 sorteringsmerker på emballasje2

 

2: Bruk Sortere.no eller Sortere-appen

Er ikkje emballasjen merka? På nettsida Sortere.no kan du søke opp det du lurer på og finne svar på kvar ting skal kastast. I tillegg gir Sortere deg også praktiske tips til sortering og gjenbruk, tips til å redusere forbruk og informasjon om kva merka på emballasjen betyr. Du finn også meir informasjon om kva som skjer med dei ulike typane avfall og kvifor det er viktig at vi kjeldesorterer. 

Gå til nettsida her.

For å gjere det heile enda meir lettvint finst Sortere også som app!

Her kan du lese meir om appen og laste den ned.

 

På SSR sine nettsider finn du også ein Sorteringsguide. Har du spørsmål kan du ta kontakt med oss på telefon, e-post eller våra kanalar på sosiale media. Vi hjelper deg gjerne!

 

Takk for at du kjeldesorterer!