Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Like fin som før

jul 18, 2022, 13:35 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Foto: Marte Vartdal

Om du planlegg å reise langt i sommar eller om du føretrekk ein nærtur bak huset, kjem du sikkert til å vere meir utandørs i sommarhalvåret enn vanleg.

Og det skal vi gjere! Naturen er til for å nytast, men vi må også hugse at det kjem nokon etter oss. Kanskje ikkje i dag eller neste veke, men kanskje neste år. Vi ønsker jo at alle skal få oppleve det vi gjer. Derfor er det så viktig at vi forlèt naturen #likefinsomfør.

 

Kampanja #likefinsomfør er slik sett sjølve nøkkelen til å leve berekraftig.

Å leve berekraftig handlar jo nettopp om at vi skal te oss slik at dei som kjem etter har same utgangspunkt som vi har. På sjøen eller i fjøra. Til fjells og langt frå folk. I utlandet eller i ein by. Det vil kome nokon etter deg.

 

Du kan til dømes ha ein plastpose i sekken eller veska, så har du alltid noko å samle emballasjen til kvikklunsjen eller ispapiret i. Ved å bruke emneknaggen #likefinsomfør viser du andre at du tek ansvar og er med på dugnaden. 

 

På denne lenka finn du gode tips om korleis du kan etterlate din favorittplass #likefinsomfør.

4x5_Turist i Oslo_1 4x5_Ut_på_tur_1

4x5_Bilferie_1 4x5_Allemannsretten_2

Foto: Hold Norge Rent

 

God sommar!

- og takk for at du forlet naturen #likefinsomfør