Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Mange liter gav mange små vinnarar

mai 19, 2022, 08:31 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Foto: Bjørnar Torvholm Sævik/Vestlandsnytt

Med 70 liter mjølk i veka kan ein trygt seie at vinnarsjansane aukar! Om ein berre hugsar å skrive namn og nummer på.

Barnehagekokk Rita Karin Hodneland blir både motivert av ei mulig pengepremie til dei fire barnehageavdelingane og av å få betre plass i papirdunken når kartongane blir skylt og bretta. Med så mange små lotterivinnarar er det ekstra kjekt å kunne overrekke diplom og pengepremie frå Grønt Punkt Norge på 10.000kr til Troll-lia barnehage på Frøystad.

 

Trollkokken Rita seier at premien på ein eller annan måte vil gagne barna i barnehagen.

  – Det er ein ein vinn-vinn situasjon for alle. Så håper vi også at dette med kjeldesortering er noko barna blir merksame på, fortel Hodneland.

 

Returkartongvinnar

 

Stor vinnarsjanse

Vi er flinke å kjeldesortere drikkekartongar i våre kommuner, men det er ikkje så mange som skriv namn og nummer på. Dette er fyrste vinnaren i 2022 vårt område. I fjor var det heile tre stykker som vann!

- Når vi skal leite etter kartongar og kubbar i papirhaugen vår, må vi ofte leite lenge for å finne ein med namn og telefonnummer på, fortel driftsleiar Rune Tarberg.

Vinnarsjansane er altså ganske store dersom ein gjer ein liten innsats for å forvandle ein kartong om til eit lodd. Det einaste du treng å gjere er å skrive namn og telefonnummer på kartongen, så er du med i trekninga om pengegevinst på alt frå 10.000 kr til storgevinsten på 100.000kr.

- Så hugs å merk drikkekartongen! Du kan gjerne nominere andre om du ikkje ønsker å skrive ditt eige namn på. Kanskje har du ein organisasjoner eller eit idrettslag som du synest fortener ei premie, seier kommunikasjonsansvarleg i SSR Marte Vartdal.

 

Miljøet trekk lengste strået

Å gjenvinne brukte kartongar, krev langt mindre energi enn å produsere papir frå nytt trevirke. Miljøet står derfor igjen som den verkelege vinnaren når folk leverer kartongane til resirkulering.

- Drikkekartongar er laga av såkalla jomfruelege fiber, som vil seie at det er første gongen materialet er i bruk. Når desse blir resirkulerte, har fibra i ein innlevert drikkekartong i alle fall sju nye liv framføre seg, til dømes som pizzaøskjer, fortel Vartdal.

Fire gongar i året blir det trekt nye vinnarar i Returkartonglotteriet. Er du gira på å delta? Sjå oppskrifta under:

 

Dette er Returkartonglotteriet:

  • Kvart år blir det delt ut premiar for til saman 1,6 millionar kroner frå Grønt Punkt, som står bak lotteriet. Dette er fordelt på 120 premiar på 10.000 kroner og fire premiar på 100.000 kroner.
  • Alle kan delta og vinne i lotteriet, både privatpersonar, bedrifter, organisasjonar, skular, barnehagar, idrettslag og liknande.
  • Nytt for 2022 er at både kubbar og enkeltkartongar er gyldige lodd i trekninga om 100.000 kroner. Dette er mest rettferdig sidan nokre sorteringsanlegg i Noreg har vanskar med kubbane.
  • Alle typar drikkekartong kan vere eit vinnarlodd, ikkje berre mjølkekartongar. Også kartong til bønner, saus og pudding kan delta.
  • Skriv namn og telefonnummer på kartongen, og legg denne i den papirdunken. Ein kartong/kubbe er eit lodd!

Lukke til!