Nyhende
Endringar i mai
mai 9, 2022, 12:43 e.m.
by
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS
På grunn av fridagane i mai flyttar vi på nokre hentedagar.
Vi hoppar ikkje over nokon soner, men køyrer doble ruter for å kome i mål. Dei som får endra henteruter vil få sms-varsel om endringane, og varsel dagen før. Her får du ei oversikt over kva endringar som gjeld i dei ulike kommunene:
Hareid Kommune:
Sone 2 : Hareid sentrum, Holstad Håbakkane, Gamle Brandalsveg, Vabakkane til Overå-krysset har hentedag tysdag 17.mai (Grunnlovsdagen) og blir henta måndag 16.mai (matavfall + restavfall).
Sande kommune:
Sone 9 : Kvamsøya, Sandsøya, Voksa, Skredestranda, Larsnes og Hallebygda. har hentedag torsdag 26.mai (Kristi Himmelfart) og blir henta onsdag 25. mai (matavfall + papir)
Vi køyrer doble ruter og kan kome til andre tider enn vanleg. Husk å sette ut dunkane til kl.07.30.
OBS: Grunna vegarbeid på Kvamsøy må vi ta ei ferje før. Sett derfor ut dunkane på Kvamsøya innan 07.20.
Takk for samarbeidet!