feb 16, 2022, 11:13 f.m.
by
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS
Rydd Norge, Noreg sin første nasjonale ryddedugnad, er i gong!
Prosjektet er etablert og finansiert av Handelens Miljøfond og skal sikre at 40% av den ytre kysten i Noreg vert rydda minst ein gong innan utgangen av 2023. Her på Søre Sunnmøre er det Runde Miljøsenter i samarbeid med Fallgard Kystrenovasjon AS som har fått dette viktige oppdraget. Ryddegjengen består av om lag 16 stykker som kallar seg kystrenovatørar.
Områda dei skal rydde er Grasøyane i Ulstein kommune, Skorpa, Nerlandsøya, Remøya og Runde i Herøy kommune, og Kvamsøya og Sandsøya i Sande kommune. Fleire av desse stadane er svært ulendte og har krevjande tilkomst, og kan berre nåast når vêret spelar på lag. Det å ha kjennskap til området som skal ryddast og fokus på tryggleik er altså avgjerande.
Det er ikkje mange dagane i 2022 at vêret har spelt på lag.
Men det hindrar ikkje gjengen i Fallgard kystrenovasjon AS. Det handlar om å hive seg rundt når værmeldingane glimtar til, kjenne til forholda og å kle seg godt. Det er viktig å halde seg varme, tørre og trygge, samtidig som ein arbeider. Mange av ryddarane har i tillegg anna arbeid attåt ryddinga og må tilpasse dagane sine, men har dei moglegheit å vere med på rydding så stiller dei opp. På berre nokre få dagar fekk dei rydda 2,5 tonn med avfall!
- Vi har starta med Remøya. Sjølv om det har vore eit forrykande dritvêr i det siste så har vi fått gjort veldig mykje og kome godt i gong, fortel leiar i Fallgard Kystrenovasjon AS Odd Arne Arnesen.
- SSR er stolte av å vere med på dette viktige arbeidet denne dyktige gjengen gjer! Målet er at mest mogleg av det eigarlause marine avfallet kan bli gjenvunne til nye produkt, seier kommunikasjonsansvarleg Marte Vartdal.
Vi ynskjer kystrenovatørane lykke til med det viktige arbeidet.
Foto: Fallgard kystrenovasjon AS