Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Det du kanskje ikkje visste om glas og resirkulering

jan 28, 2022, 14:55 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS

Me er knallgode på resirkulering her i landet, men mange er kanskje ikkje klar over verdien av det dei kjeldesorterer? Her har vi samla det du kanskje ikkje visste om resirkulering, så kanskje du vil kjeldesortere enda meir?

 

  • Å resirkulere er å skape nye verdier av material vi ser på som avfall.

  • Når vi resirkulerer råvarer som allereie er produsert, treng vi ikkje ta ut nye naturressursar - noko som reduserer karbonavtrykket og bidreg til eit betre og meir berekraftig miljø.

  • Glas kan gjenvinnast uendeleg mange gongar.

  • 100% av utsortert glas- og metallemballasje som blir samla inn i Noreg blir materialgjenvunne.

  • I 2020 blei det samla inn over 100 000 tonn glas- og metallemballasje i Noreg.

  • 95% av alle vin-, øl-, sprit-, brus- og andre drikkeflasker i glas blir samla inn og gjenvunne til nye produkt. Tusen takk for innsatsen!

 

bilde_1645 (1)

 

  • Det er i snitt 80% resirkulert glas i ei grøn glasflaske.
  • Tørkestativ og bremseskiver er ikkje metallemballasje. Det er berre metall som har inneheldt mat eller drikke som skal kjeldestorterast som glas- og metallemballasje.

  • Det mest finknuste glaset som tidlegare var utfordrande å gjenbruke, blir no brukt til å produsere Glasopor skumglas. Glasopor er eit material som har god isolerande effekt og blir brukt som lett byggemateriale, f.eks. som lettfylling i vei og anlegg. 

  • Glasopor er framstilt av 100% resirkulert glasemballasje som er samla inn frå hushaldningar i heile Noreg og blir produsert i Fredrikstad og Skjåk.

  • Glasopor består av 20% glas og 80% luft - noko som gjer den til den lettaste fyllmassa på marknaden. Du kan lese meir om Glaspor her.

 

Loop-704

 

  • Mat som er emballert i glas inneheld ofte mindre sukker og konserveringsmiddel.

  • Vel du mat på glas, kan du vere trygg på at det ikkje blir overført helseskadelege stoff frå emballasjen til maten.

  • Glas- og metallemballasje er best i klassa på å ta vare på maten. God emballasje fører til mindre matsvinn.

  • Om ein samanliknar klimagassutslepp som bidreg til global oppvarming ved produksjon av nye råvarer kontra materialgjenvinning, ser ein f.eks. at ved gjenvinning av glasemballasje blir det slept ut 41% mindre CO2 når ein bruker resirkulert glas enn når ein produserer nytt.

  • Metall som blir gjenvunne har utruleg høg klimaverdi samanlikna med nye råvarer. For aluminium er karbonutsleppet 95% lavare og ved stål 87% lavare.

 

Takk for at du kjeldesorterer!

 

Kjelde: https://www.sirkel.no/