Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Alt du treng å vite om jula

des 21, 2021, 10:58 f.m. by Marte Vartdal

Her har finn du ei oversikt over dei endringane som påverkar avfallet ditt i jula: 

 

  • Vi køyrer doble henteruter 22. og 29. desember. Sett ut dunkane til kl.07.30, men lat dei gjerne stå ute litt lenger enn vanleg.
  • 22. desember henter vi rute 8 (Leikong, Myrvåg, Tjørvåg m.fl.) og rute 10 (Moltu, Gjerdsvika, Gursken m.fl.)
  • 29. desember henter vi rute 3 (Flø, Ulstein, Skeide m.fl) og rute 5 (Dimnøya, Eiksund, Haddal, Garnes)
  • Dei som får endra hentedag får varsel på sms.
  • Miljøstasjonane er stengde 24. desember og 31. desember. Ellers vanleg opningstid kvardagane i romjula. 

 

Jula er høgtida for hygge og gode tradisjonar, men det er også ei tid for meir forbruk enn ellers i året og vi veit at det blir det avfall av. Mykje av det vi kastar i jula er det mange som ikkje er heilt sikker på korleis ein skal sortere. For at sortering i jula skal verte litt enklare har vi samla eit knippe sorteringstips for det mest vanlege avfallet her:

 

Batteri og lyspærer

I jula bruker vi meir batteri og lyspærer enn ellers. Samle dei på ein praktisk stad, i ei boks eller eit nett. Neste gong du skal på butikken kan du ta dei med deg. Det er nemlig slik at alle daglegvarebutikkar som sel batteri og lyspærer skal ta i mot disse gratis og sørge for at dei blir sendt til gjenvinning.

Hugs: batteria inneheld framleis energi når dei er oppbrukt og skal ikkje kastast i restavfallet. Det kan føre til brann.

 

Ved- og juletre-nett

Sjølv om dei kan sjå ut som plast skal dei ikkje i plastemballasjesekken. Disse netta kan skape problem i sorteringsanlegga og blir ikkje materialgjenvunne. Derfor kastar du nettet som er rundt jultreet og vedsekkar i restavfallet

 

Elektrisk

Julelys, lysslynger, rettetanga som tok kvelden i julestria, dippedutter av alle slag – uansett kor stor eller liten elektronikken er, kan den innehalde gassar, oljer eller andre miljøgifter. Derfor skal alt leverast til gjenvinning.

Du kan levere elektriske produkt gratis til butikkar som sel produktet du har, også om det er eit anna merke, og gratis på miljøstasjonane.

 

Gåveinnpakning

Glansa julegåvepapir skal kastast i restavfallet. Slikt julepapir inneheld store mengder leire og fargestoff, og lite papirfiber. Glansa gåvepapir kan derfor ikkje bli gjenvunne til nytt papir, men blir forbrent og gjenvunne til lys og varme.

Gråpapir med eller utan farge og mønster (kraftpapir, resirkulert papir, naturpapir) og avispapir kan du sortere saman med papiret i papirdunken.

Gåveband, tau, hyssing, tape, isoporkuler og annan gåvepynt kastar du i restavfallet (eller ta vare på det til å pakke inn julegåver neste år).

 

Bobleplast

Sorterer du som plastemballasje. Ha det kjekt å smell boblene før dei skal sorterast – så tek dei også mindre plass. Bobleplast kan du også ta vare på og bruke til å pakke ned julepynt eller til innpakning av nye (jule-)gåver.

 

Isopor / EPS

Store mengder rein isopor kan du levere gratis til miljøstasjonane. Små mengder isopor kan du kaste i restavfall.

 

Matrestar

Ha ein dag i jula med restefest og kall det juletapas! Søk etter julemat og rester på netter, og finn spennande oppskrifter. Det du ikkje kan ete opp kastar du i matavfallet.

Bruk sansane – lukt og smak på maten før du eventuelt kastar.

 

Ribbefeitt og smult

Ikkje tøm feitt eller olje i toalettet eller vasken. Det kan tette røra og tiltrekke seg rotter. Lat steikebrettet stå til det blir kaldt, skrap av fettet og legg det i matavfallet. Flytande feitt eller olje kan du helle på ein kartong eller flaske, tape igjen og kast i restavfallet.

Feitt kan også brukast til matlaging, som sauser, omnsbakte poteter, potetstapper eller liknande. Det kan til dømes frysast i isbitformer og ta opp ved behov.

 

Juletre

Naturlege juletre kan du levere som hageavfall på miljøstasjonane.

Juletre i plast held seg like fine år etter år, men om du likevel ønsker å kvitte deg med det, skal det leverast som restavfall på miljøstasjonane. Undersøk før du kastar det om det er nokon du kan gje det til.

 

Fyrverkeri 

Ubrukt fyrverkeri (udetonert fyrverkeri) leverer du tilbake til ein butikk som sel fyrverkeri.

Etter du har forsikra deg om at det ikkje er meir pang igjen, kastar du brukt fyrverkeri i restavfallet eller leverer på miljøstasjonane.

Hugs alltid å rydde opp fyrverkerirestar etter oppskytning, slik at det ikkje blir liggande i naturen.

 

Levande lys 

Stumpar frå stearinlys kastar du i restavfallet. Du kan også samle opp lysrestane å gi dei til nokon som driv med lysstøyping eller lagar tennbrikkar.

Telyshaldarar i aluminium sorterer du som metallemballasje. Husk å trykke laus stålet i botnen som held veiken. Telyshaldarar i plast kastar du i restavfallet.

 

Snøspray eller hårspray

Sprayboksar med drivgass og tome sprayboksar sorterer du som farleg avfall. Farleg avfall kan du samle opp og levere til din næraste miljøstasjon.

 

Tomme flasker, glas og bokser 

Har dei pantemerke? Pant dei neste gong du er i butikken. Emballasje av glas og metall det har vore mat, drikke eller liknande i, kan du sortere som glas- og metallemballasje.

Produkt av glas og metall, som kopper, drikkeglas, gryter og liknande, skal ikkje sorterast som glas- og metallemballasje men leverast på miljøstasjonane.

 

Anna sortering i jula 

  • Pappøskjer, reklame, magasin, kalenderen for året som har gått og julekort sorterer du som papir.
  • Knuste julekuler av plast og glass pakkar du inn og legg dei i restavfallet.
  • Adventskalendrar i papp kan du sortere som papir, men inneheld den både plast og papir må du skilje den frå kvarandre og sortere papir for seg og plastemballasjen for seg.
  • Sjølve julekvelden: Gjer klar til sortering før opning av gåver– då får du sortert undervegs og unngår samtidig fara for å gå seg vill i eiga stove.

 

Takk for at du kjeldesorterer!

 

pakke1