Nyhende
Det viktigaste du byter i dag
des 1, 2021, 10:52 f.m.
by
Marte Vartdal
1. desember er røykvarslaren sin dag.
Batteria i røykvarslaren din er det viktigaste du byter i dag. Desember er statistisk sett ein månad kor det oppstår mange brannar og flest dødsfall på grunn av brann. Derfor er det så viktig å starte desember med å sjå til at røykvarslarane dine verkar som dei skal. Om varslaren eller brannsentralen din treng nye batteri skal dei brukte batteria kastast som EE-avfall. Dei brukte batteri kan du levere til gjenvinning der du kjøper batteri eller levere til våre miljøstasjonar.
Viste du at dei brukte batteria i seg sjølv kan vere ein brannrisiko i mange ledd?
Om brukte batteri vert kasta i restavfallet kan det oppstå brann i renovasjonsbilane, på miljøstasjonane eller i gjennvinningsanlegga.
Tips frå oss:
- Fest ein tapebit på polane og unngå å samle store mengder batteri i lag.
- Lever brukte batteri der du kjøper batteri eller på miljøstasjonane med jamne mellomrom.
- Batteri inneheld verdifulle metall som kan gjenvinnast til nye metall.
Takk for at du sorterer og bidreg til å minske brannfara på arbeidsplassen vår.