Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Marte får ansvaret for infoen frå SSR

aug 25, 2021, 13:22 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Ein blid lektor som er glad i natur og folk, får ansvaret for både kommunikasjon og undervisning frå SSR det neste året. 

Marte Vartdal (33) har allereie starta delvis i stillinga, for å få ein overlapp med noverande kommunikasjonsansvarleg som skal ut i foreldrepermisjon i oktober. Samtidig skal Vartdal halde fram med å jobbe delvis som lektor ein liten periode. Fullt på plass i SSR er ho seinast 1. desember. 

- Vi er veldig glade for at Marte Vartdal har takka ja til å vikariere i stillinga som kommunikasjonsansvarleg. Ho er ein dyktig formidlar som vil gjere sitt beste for å nå ut med miljøkommunikasjon til innbyggjarane våre gjennom både digitale og trykte flater. Stort engasjement og gode evner til å nå ut til born og unge i alle aldersgrupper har ho også, seier noverande kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud i SSR. 

Marte vil mellom anna også få ansvar for å koordinere det arbeidet SSR gjer for å legge til rette for strandrydding. Sjølv har ho vakse opp på Vartdal, men har dei siste åra budd lenger ut mot havet, i Torvika i Herøy. 

- Avfall og gjenvinning er ein spennande bransje i utvikling. Behovet for god og tilgjengeleg info til innbyggjarane aukar, og eg gler meg til å få dele kunnskap om kjeldesortering til mitt eige nærmiljø.