Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Slik kvittar du deg med isopor/EPS

jul 22, 2021, 08:54 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Isopor/Sundolitt/EPS høyrer ikkje heime i plastemballasjesekken. Men kvar skal du då kaste den?

Det enkle svaret er:
  • Små mengder i restavfallsdunken
  • Store mengder på miljøstasjonen
Når isoporen er rein, kan han gjenvinnast, og du får levere den gratis på miljøstasjonen.
Vi får dessverre ikkje lenger lov å hente med oss EPS i plastemballasjesekken, då han perlar seg og øydelegg kvaliteten på resten av plastlasten.

 

Har du fleire sorteringsspørsmål? Last ned appen Sortere eller søk sjølv på nettsida Sortere.no.

Ta kontakt dersom noko er uklart, så skal vi hjelpe deg så godt vi kan!
 
Bildet viser ein diger sekk med rein isopor samla inn på miljøstasjonen, klar til å resirkulerast til eit nytt liv!