Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

SSR har tilsett ny dagleg leiar

mai 31, 2021, 17:13 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

Arnstein Myklebust (50) har takka ja til stillinga som dagleg leiar i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk IKS.

Ørstingen kjem frå stillinga som dagleg leiar/kyrkjeverje i Ørsta kyrkjelege fellesråd, der han har vore tilsett i sju år. Han har ein allsidig bakgrunn frå industri, prosjektutvikling, som dagleg leiar i eigedomsselskap og no sist dagleg leiar i kyrkja. Han har også jobba fleire år i SSR-kommunane Hareid og Ulstein, både i Ulstein Group og Rolls Royce.

- Vil løfte selskapet vidare

- Eg var eigentleg ikkje på jobbjakt, men så dukka denne sjansen opp. Det grøne skiftet er eit satsingsområde framover og det blir derfor utruleg spennande å vere med på laget i SSR i åra som kjem. Eg ser fram til å få vere med på å utvikle tenestene og organisasjonen vidare, seier Arnstein Myklebust.

Styreleiar i SSR George Fulford er godt nøgd med at Myklebust har takka ja til stillinga.

- Vi har hatt grundige intervjurundar og er glade for å få Arnstein Myklebust på plass som ny dagleg leiar. Han har ei erfaring og kompetanse som vil vere med på å løfte selskapet vidare i tråd med den strategiske planen og forventningane frå eigarkommunane, seier Fulford.

Startar i september

Tilsettingsutvalet har i tillegg til styreleiar i SSR George Fulford, bestått av styremedlemmene Anne Holstad og Camilla Storøy, og tillitsvald Rune Jensen Ulset.

Ulset seier det har vore ein interessant prosess med mange gode kandidatar, og kjenner seg trygg på at dei har landa på rett person.

Arnstein Myklebust tek til i stillinga som dagleg leiar i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk 1. september.

 

For meir informasjon, kontakt styreleiar George Fulford (950 26 213)