feb 22, 2021, 12:44 e.m.
by
Søre Sunnmøre Reinhaldsverk
I samråd med ryddemiljøa over heile landet, flyttar Hold Norge Rent den nasjonale Strandryddeveka til hausten.
På den måten unngår ein store ryddeaksjonar i mai, då hekketida for fuglane er på topp. Hold Norge Rent oppmodar likevel folk til å ta ei skikkeleg vårreingjering i lokale fjører før fuglane kjem. Dei har derfor innført ein ny, nasjonal vårryddedag, som i år blir arrangert laurdag 13. mars.
- Når snøen smeltar, kan det dukke opp mykje rart som sjøen har kasta på land gjennom vinteren. Å ta ei skikkeleg vårreingjering før fuglane kjem og hekkinga startar, er ei god investering både i trivelege nærmiljø og det lokale fuglelivet, seier kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud i Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR)
Hanskar og sekkar
SSR har nettopp fått tilsendt årets ryddesekkar og hanskar frå Hold Norge Rent. Alle som ønskjer å gjere ein ryddeinnsats i nærmiljøet, kan hente utstyr gratis på miljøstasjonane.
- Vi ser at vi har mange heilårsryddarar i området vårt, så vi vil halde fram med å ta imot strandryddeavfall kostnadsfritt gjennom heile året. Samtidig oppmodar vi folk til å tenke på fuglane når dei planlegg store ryddeaksjonar i regi av grendalag og skuleklasser. Då er det lurt å unngå perioden frå midten av april og ut juli, seier Sæverud.
Ho håpar mange vil nytte den nye Vårryddedagen til ei oppdagingsferd i nærmiljøet for å sjå kva dei kan finne av plast og andre ting som ikkje høyrer heime der. SSR kan også køyre ut oppsamlingskonteinarar til grendalag som ønskjer å legge til rette for storrydding. Ta i så fall kontakt i god tid.
- Vi har også hanskar i barnestørrelse, så ta gjerne med ungane ut på tur og skattejakt. Dei små er som regel dei aller flinkaste til å oppdage ting som ikkje høyrer heime i naturen.
September ny høgsesong
Når den nasjonale strandryddeveka no går over til å permanent bli arrangert i september, vil den gå av stabelen samtidig som International Coastal Cleanup Day, der over 800 000 frivillige over heile verda gjer ein innsats i kampen mot marin forsøpling. Hold Norge Rent viser til at det er viktig å få rydda godt før snøen kjem, då avfall som blir liggande ute over vinteren fort blir brote ned til små bitar som blir vanskelege å rydde når våren kjem.
- Vi hadde gode erfaringar med å sette ut oppsamlingskonteinarar for avfall frå ryddeaksjonar i samband med TV-aksjonen i haust. Vi kjem til å tilby det same under strandryddeveka i september, for å gjere det enklast mogleg for dei frivillige å bli kvitt ryddefangsten, seier Andrea Øien Sæverud i SSR.
Har du spørsmål rundt strandrydding i kommunane Hareid, Herøy, Ulstein og Sande? Ta gjerne kontakt med oss på firmapost@reinhaldsverket.no eller 70 00 70 50.