Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Ruteendring 21/5, Kristi himmelfartsdag

mai 14, 2020, 13:38 e.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

På grunn av heilagdagen torsdag 21/5, hentar vi restavfall og matavfall i sone 4 ein dag tidlegare, onsdag 20/5.

Abonnentane det gjeld, vil få sms-varsling kvelden før. La dunkane stå ute til dei er tømde. Det kan vere vi kjem litt seinare enn vanleg, då vi hentar avfall både i sone 3 og sone 4 denne dagen. Takk for tolmodet!

Usikker på kva sone du høyrer til eller lyst til å skrive ut hentekalender for 2020? Då kan du trykke her. 

Vi anbefaler elles å laste ned gratisappen Min renovasjon, for å få enkel tilgang til hentekalender på mobilen og varsling kvelden før om kva dunkar som skal ut. 

Tusen takk for samarbeidet!