apr 22, 2020, 12:59 e.m.
by
Andrea Øien Sæverud
På grunn av risikoen for koronasmitte, er grovavfallshentinga på Sandsøya og Kvamsøya utsett til hausten.
Kvar vår og haust tek vi med oss store krokkasser til øyane i Sande kommune og opprettar ein "mobil miljøstasjon". I år ser vi oss dessverre nøydde til å avlyse tilbodet, som etter planen skulle vere 5. mai på Kvamsøya og 6. mai på Sandsøya.
Under grovavfallshentinga brukar våre tilsette å hjelpe til med å bære og å stable i krokkassene. Dei må dermed vere tettare både på avfallet som blir levert inn og kundane som kjem med det, enn kva dei er på miljøstasjonane. På miljøstasjonane har vi innført ein del tiltak for å avgrense nærkontakt og smitte, som dessverre ikkje let seg gjere på same måten under grovavfallshentingane. For å verne både besøkande og dei tilsette, må vi altså dessverre avlyse hentingane i vår.
Det gjer vi med tungt hjarte, då vi veit at dette er eit tilbod mange set stor pris på. Det brukar å vere ein kjekk arbeidsdag for vår del, med mange trivelege kundar.
Vi ser derfor fram til å møte dykk igjen under grovavfallshentinga i haust, som etter planen skal gå føre seg 15. september på Kvamsøya og 16. september på Sandsøya.
Dersom du ikkje vil vente til den tid, er du alltid velkomen til å ta turen til miljøstasjonane våre, som har vanlege opningstider.
Takk for forståinga!