Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

SSR set i verk koronatiltak

mar 13, 2020, 10:40 f.m. by Andrea Øien Sæverud

SSR følgjer råda frå helsestyresmaktene for å redusere faren for koronasmitte.

Vi har eit viktig samfunnsoppdrag som vi skal halde fram med å utføre. Men for å oppretthalde avfallsinnhentinga, er det viktig at medarbeidarane våre unngår smitte. Då treng vi eit godt samarbeid med deg som innbyggjar.

Det betyr:

  •  Avfallshentinga held førebels fram som vanleg, men vi ønskjer at du tek deg ein grundig handvask både før du trillar fram dunken og etter at du har trilla han tilbake. Gjerne gi både handtak og lok ein grundig såpevask.
  • Administrasjonsbygget er stengt for besøkande. Ta heller kontakt med oss på telefon (70 00 70 50), e-post firmapost@reinhaldsverket.no, eller på Facebook-sida vår.
  • Ved stor pågang på miljøstasjonane kjem vi til å avgrense kor mange som får kome inn samtidig.
  • På miljøstasjonane skal ein unngå handhelsing og nærkontakt. God handhygiene er alltid viktig både for oss og deg. Det er sett fram handsprit i vektbua som ein kan nytte seg av før og etter besøk.

Takk for at du respekterer dette og er med på dugnaden!