Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Sorteringsguide i postkassa

des 2, 2019, 11:35 f.m. by Andrea Øien Sæverud

Det er ikkje berre julekort som dukkar opp i postkassa di før jul.

I adventstida vil nemleg alle innbyggjarane våre få tilsendt ein sorteringsguide og ein ekstrasekk til restavfall. Denne sekken kan du sette ved sida av dunkane dine på hentedagen for restavfall, så plukkar vi han med oss. 

Varig oppgradering

I jula har ein gjerne meir besøk og meir avfall enn elles, og då kan det vere godt med litt ekstra plass. Treng du meir plass i restavfallsdunken heile året, kan du gå opp ein størrelse. Ta kontakt med oss på firmapost@reinhaldsverket.no dersom du ønskjer dette.

Tips og triks