Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Frustrert, engasjert eller motivert av plast i havet?

okt 21, 2019, 15:14 e.m. by Andrea Øien Sæverud

Då bør du sette av helga 2. - 3. november.

Strandryddarar frå heile Sunnmøre kjem nemleg til Runde miljøsenter denne laurdagen og søndagen for å delta på nettverkssamling om marin forsøpling - og du er velkomen.

Målet er å dele erfaringar, hauste kunnskap og kjenne på at vi er fleire som står saman i kampen mot plast i havet. 

Fellesnemnaren for deltakarane er at dei er glade i sjøen og nærområdet sitt, elles er terskelen låg og trivselen høg. Alle som ryddar strender i liten eller stor skala er hjarteleg velkomne. Samlinga er gratis for frivillige ryddarar. 

Påmeldingsskjemaet finn du her

nettverksseminarNettverk Marin Forsøpling Sunnmøre har også ei aktiv Facebookgruppe, starta etter det første arbeidsseminaret på Runde i januar 2019.

Frå SSR vil kommunikasjonsansvarleg Andrea Øien Sæverud delta med eit innlegg om erfaringar og statistikk frå årets strandrydding i kommunane våre. 

Heile programmet for laurdagen og søndagen kan du sjå her.

Arrangør er Sunnmøre friluftsråd og Runde miljøsenter i samarbeid med Handelens miljøfond og Miljødirektoratet.