Nyhende
Kva blir igjen i "grønedunken"?
mai 23, 2019, 14:45 e.m.
by
Andrea Øien Sæverud
Når folk får den nye matavfallsdunken til gards, dukkar spørsmålet ofte opp:
Kva blir igjen i restavfallet?
Restavfall er det som er igjen når du har sortert ut alt som kan kjeldesorterast. Her kjem ei liste over typiske ting som ikkje går an å lage noko nytt av, og derfor høyrer heime i restavfallsdunken:
- bomullspinnar / q-tips
- bakepapir
- matpapir
- tablettbrett
- plaster
- blomsterbukettar
- oske (godt innpakka)
- kattesand og husdyrbæsj
- cd-plater og videokasettar
- sneipar
- snus
- pennar
- støvsugarposar
- tannkost / dokost / oppvaskbørste
- take-away-emballasje i isopor
- bind og tampongar
- kondomar
- glansa innpakningspapir
- pakkeband
- skiten plastemballasje som du ikkje får rein ved skyljing
- plast som ikkje er emballasje
- glas som ikkje er emballasje
Sjølv om det ikkje går an å resirkulere det du kastar i restavfallet, kan det likevel brukast til noko nyttig. Når posane dine med restavfall blir brende på Grautneset i Ålesund, blir energien brukt til å varme opp hus og kontor i området.
Om du merkar at restavfallet ditt minkar, tyder det på at du enten er flink til å minimere avfallet ditt, og/eller at du er god til å kjeldesortere. Å kaste mindre, er noko av det mest miljøvenlege du kan gjere.
Takk for at du sorterer!
PS: Vil du vite svaret på 10 spørsmål om matavfall? Trykk her!