Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Søkje midlar til opprydding av marint avfall?

jan 15, 2018, 13:16 e.m. by Linn Urke Osnes

15. februar er det søknadsfrist for å søkje Miljødirektoratet om midlar til opprydding av marin forsøpling. SSR har søkt midlar på vegne av dei fire eigarkommunane ved fleire høve og fått avslag, men i år er eit nytt år med nye moglegheiter!

Vi ser at dei som vinn fram og får tildelt midlar til opprydding er dei som har eit heilt konkret prosjekt der oppryddingsområde er konkretisert og dokumentert. Det er også ein fordel at fleire som til dømes lag, skular og organisasjonar samarbeider. Ein kan også søkje midlar til førebyggjande prosjekt som haldningskampanjar og undervisningsopplegg. Eit prosjekt treng ein eller fleire personar som fungerer som «primus motor» til å drive, organisere og samordne prosjektet. Plastfritt Giske er eit strålande eksempel på eit godt prosjekt som fekk stønad i 2017 som det er lett å bli inspirert av!

SSR har foreløpig eit prosjekt i Herøy som vi skal vere med på, men er opne for og ønskjer å vere samarbeidspartnar i fleire prosjekt.

For meir informasjon om søknaden: http://www.miljodirektoratet.no/no/Nyheter/Nyheter/2018/Januar-2018/Sok-stotte-til-a-rydde-opp-i-marin-forsopling/