Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Endra hentedagar i jula og nyttår 2017

des 14, 2017, 09:19 f.m. by Søre Sunnmøre Reinhaldsverk

I juleveka vert det endringar av hentedagar og kva som vert henta med renovasjonsbil som følgje av innkøyring av heilagdagar.

Herøy kommune:

  • Mandag 25. desember (1. juledag) vert køyrd inn onsdag 27. desember, det vert ikkje henta papir og plast, dette gjeld sone 6 og 8.
  • Tysdag 26. desember (2. juledag) vert køyrd inn torsdag 28. desember, det vert ikkje henta papir og plast, dette gjeld sone 7 og 9.

Sande kommune:

  • Tysdag 26. desember (2. juledag) vert køyrd inn torsdag 28. desember, det vert ikkje henta papir og plast, dette gjeld sone 7 og 9.

Hareid kommune:

  • Mandag 1. januar (nyttårsdag) vert køyrd inn tysdag 2. januar, det vert ikkje henta papir og plast, dette gjeld sone 1 og 2.

Miljøstasjonane er stengde følgjande dagar:

  • 25. og 26. desember (1. og 2. juledag): Miljøstasjonane på Mjølstadneset (Herøy), Myklebustmyrane (Sande)  og i Saunesmarka stengd (Eidet greinplass sesongstengd).