Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Stort engasjement på Strandryddedagen

mai 16, 2017, 10:35 f.m. by Linn Urke Osnes

SSR vil takk alle frivillige som var med å rydde strender på Strandryddedagen og dei som var med og rydde nærområda våre fine til 17. mai!

Svært mange var engasjerte i år, og vi samla inn heile 11,6 tonn ryddeavfall mandag 8. mai! I tillegg har mange vore med å rydde tidlegare i år på ulike aksjonar. Til saman har innbyggjarane i kommunane Herøy, Sande, Ulstein og Hareid rydda omlag 17 tonn!

Vi trur at engasjementet vil halde seg oppe framover, og vi minner om at det er gratis å levere strandryddeavfall heile året. Sekkar og skjema får du på ein av våre miljøstasjonar eller på servicetorget i kommunen din.

Her er ei lita oppsummering av ryddeengasjementet hittil i år.

Dimna

Frå Strandryddedagen på Dimna.

Remøya

Frå Strandryddedagen på Remøya.

Eiksund

Frå Strandryddedagen på Eiksund.

Brandal

I Brandal hadde dei statsrådbesøk av kulturminister Linda Hofstad Helleland. Her saman med ordførar i Hareid, Anders Riise.

 

Frå ryddeaksjonen "Før fuglane kjem" på Runde i mars.

Borna frå Bergsøy skule gjorde ein flott innsats i mars når dei rydda Bergsøya.

Hanne Marte Grimstad Sukka og dottera Sunniva rydda på ryddeaksjonen i Ulstein kommune i april.