Nyhende
Biblioteksutstilling om plast i havet
apr 18, 2017, 15:11 e.m.
by
Linn Urke Osnes
Kommunikasjonsansvarleg i SSR, Linn Urke Osnes og kommunikasjonsansvarleg i ÅRIM, Ingeborg Ukkelberg viser fram den flotte vandreutstillinga som er ein miniatyr av orginalutstillinga som du kan besøkje på Runde Miljøsenter.
Denne veka opnar biblioteka i Ulstein og Herøy ei flott utstilling om plast i havet! Herøy folkebibliotek opnar utstillinga onsdag 18. april klokka 1030 og Ulstein bibliokek torsdag 19. april klokka 14.00. 8. mai har Sande bibliotek og Hareid folkebibliotek gleda av å opne utstillinga.
Utstillinga er eit samarbeid mellom SSR, ÅRIM, VØR, Runde Miljøsenter og Fylkesbiblioteket og vil vandre over heile Sunnmøre.
Vi oppmodar store og små å besøke den lærerike utstillinga og håper mange får augene opp for det stadig veksande miljøproblemet med plast i havet. Målet er også å motivere innbyggjarane i kommunane til å vere med å rydde lokale strender. SSR tek imot strandryddeavfall gratis gjennom heile året. Tileigna sekkar og registreringsskjema kan ein få på alle miljøstasjonane og servicetorga i kommunane.
Velkomen til utstilling og god strandrydding!