Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

Påmelding til Batterijakten er i gong!

jan 26, 2017, 09:01 f.m. by Linn Urke Osnes

Batterijakten blir  arrangert 8.-28. mars i år. Meld på klassa di i dag, så får de tilsendt materiell i tide til konkurransen startar! Hovedpremiane i år er på 30.000 kroner som vinnarane blir oppfordra til å nytte til noko miljøvenleg som kjem alle elevane til gode!

Kva er Batterijakten?

Kvart år brukar vi heile 1750 tonn med batteri i Noreg.

Av disse blir 1300 tonn kasta i restavfallet, eller enda verre i naturen! Den mest vanlege batteritypa er det vi kallar hushaldningsbatteri eller alkaliske batteri. Dei er eingongsbatteri som blir brukt i leiker og småelektronikk, og det er disse batteria som skal samlast inn under Batterijakten. Dei inneheld ikkje skadelege miljøgifter, men det er likevel viktig at disse batteria blir gjenvunne, då vi kan bruke dei forskjellige delane til nye ting.

Vanlege hushaldningsbatteri er som regel sinkbatteri, og består av ei stålkapsling rundt ei masse av noko som heiter sink-manganoksid. Metallet sink blir henta ut frå gruver. Det betyr at det ein dag vil vere tomt for sink i gruvene, difor er det viktig at vi tek vare på dei ressursane vi har. Vi kan nemleg gjenbruke dei monge gongar! Metallet sink kan for eksempel brukast som rustbeskyttelse på bilar, batterimassa kan foredlast til jernsilikat som kan brukast i sement til å bygge nye hus og stållkapselen rundt batteriet kan brukast til å bygge store båtar.

Du ser at batteriet kan få eit heilt nytt liv gjennom resirkulering!

Gode miljøvanar startar i barndomen. I dag kan alle typar batteri leverast til gjenvinning. I 2012 vart rundt ein tredjedel av alle batteri levert til gjenvinning, og Noreg har satt seg eit mål om at 45% av alle batteri skal gjenvinnast innan 2016.

Batterijakten er konkurransen som gir alle fjerdeklassingar sjansen til å lære seg meir om gjenvinning, kretsløpstenkning og korleis vi kan bli bedre til å ta vare på jorda sine ressursar. Med Batterijakta kan de gjerere ein enkel og viktig innsats for miljøet medan de har det gøy saman. Ved å følge batteriet si reise frå innsamling til gjenvinning, får de eit betre bilde av kretsløpstenking. Målet er at konkurransen bidreg til å auke engasjementet for miljøet, eit engasjement som varer livet ut. Å sjå på batteri og anna avfall som ressursar, er noko vi lærer oss i ung alder. Det har vi nytte av heile livet!

For meir informasjon om konkurransen og påmelding, sjå her!

Batterijaten