Saman tek vi vare på ressursane

Nyhende

25. april er det klart for ryddeaksjonar på strand og på land!

apr 13, 2016, 09:54 f.m. by Linn Urke Osnes
born som ryddar strand

I perioden 25. april - 9. mai organiserer SSR ryddeaksjonar i samarbeid med kommunane der ein kan delta både på strandrydding og rydding i gater og grender slik det blir fint til 17. mai.  Den offisielle Strandryddedagen er laurdag 7. mai.

Temakveld om marin forsøpling

SSR arrangerer i samarbeid med lokallaget i Naturvernforbundet og Janne Bareksten (mastergrad i marin forsøpling) ein temakveld i forkant av Strandryddedagen, fredag 22. april klokka 1830 på kommunestyresalen i Ulstein rådhus. Her blir det også utdeling av ryddeutstyr for dei som vil rydde. Vi ønskjer alle som er interessert i meir kunnskap om det stadig aukande miljøproblemet marin forsøpling, hjarteleg velkomen! Temakvelden er gratis.

Instagramkonkurranse

Lag kunst av avfallet de finn og ta bilete av det! Du kan også bli med i konkurransen med morosame, vakre og stemningsfulle bilete frå strandryddinga. Publiser på Instagram med #strandryddedagenSSR. Vinnaren får eit gåvekort på kino verdi kr 500!

Korleis delta på ryddeaksjonane? 

Strandryddedagen

Vi oppmodar grender, lag og organisasjonar til å samlast for å gjere strandryddinga til ei sosial samling. Det er også flott om dei som ryddar vil registrere ryddeaksjonen sin hos Hold Norge Rent og lage Facebookevent for den lokale ryddeaksjonen der ein kan invitere til deltaking.

  • Ryddeperiode 25. april – 9. mai. Ryddeutstyr er tilgjengeleg i denne perioden på Servicetorget i kommunen eller hos SSR. Det er mogleg å levere inn avfall til våre miljøstasjonar til og med 9. mai i opningstid.
  • Gratis sekkar (blanke) skal nyttast. Eingongshanskar er også tilgjengeleg.
  • SSR kan hente avfall som er rydda, måndag 9. mai. Vi må då få beskjed med dei som har rydda, kvar avfallet skal hentast og ca. mengde (antal sekkar). Ta kontakt med Linn Urke Osnes i SSR på 47386097 eller linn@reinhaldsverket.no for å avtale henting.
  • Alle som deltek i strandrydding, må levere ryddeskjema til SSR for å levere avfall gratis. Anten ved levering av avfall på miljøstasjonen eller til servicetorget i kommunen eller per e-post når vi henter avfallet.
  • Alle som deltek i strandrydding, må registrere seg på ei påmeldingsliste på Servicetorget eller hos SSR ved henting av ryddeutstyr. Kontaktinformasjon og område rydda, er viktig informasjon.
  • Ubrukte sekkar leverer de tilbake til Servicetorget eller til SSR. 
  • 17. mai rydding 

  • Ryddeperiode 25. april – 9. mai. Ryddeutstyr er tilgjengeleg i denne perioden på Servicetorget i kommunen eller hos SSR. Det er mogleg å levere inn avfall til våre miljøstasjonar til og med 9. mai i opningstid.
  • Gratis sekkar (raude) skal nyttast. Eingongshanskar er også tilgjengeleg.
  • Avfall som er rydda inn i raude sekkar, kan settast fram på hentedag i ryddeperioden ved eit hentepunkt (der de set fram dunkane til tøming). Obs: Ikkje grovavfall og store gjenstandar.
  • SSR kan hente avfall som er rydda, måndag 9. mai. Vi må då få beskjed med dei som har rydda, kvar avfallet skal hentast og ca. mengde (antal sekkar). Ta kontakt med Linn Urke Osnes i SSR på 47386097 eller linn@reinhaldsverket.no
  • Offentlege område, gater og parkar inngår i ryddeaksjonen, ikkje private eigedomar.
  • Ryddeaksjonen må registrerast på eiga liste på Servicetorget eller hos SSR ved henting av ryddeutstyr. Kontaktinformasjon og område rydda, er viktig informasjon.
  • Ubrukte sekkar leverer de tilbake til Servicetorget eller til SSR.
  • NB: Ryddeaksjonar før 25. april må avtale med Linn Urke Osnes direkte for levering av avfall. SSR hentar ikkje raude sekkar ute på rute før ryddeperioden startar.

    Lukke til, og takk for innsatsen!