Nyhende
25. april er det klart for ryddeaksjonar på strand og på land!
apr 13, 2016, 09:54 f.m.
by
Linn Urke Osnes
I perioden 25. april - 9. mai organiserer SSR ryddeaksjonar i samarbeid med kommunane der ein kan delta både på strandrydding og rydding i gater og grender slik det blir fint til 17. mai. Den offisielle Strandryddedagen er laurdag 7. mai.
Temakveld om marin forsøpling
SSR arrangerer i samarbeid med lokallaget i Naturvernforbundet og Janne Bareksten (mastergrad i marin forsøpling) ein temakveld i forkant av Strandryddedagen, fredag 22. april klokka 1830 på kommunestyresalen i Ulstein rådhus. Her blir det også utdeling av ryddeutstyr for dei som vil rydde. Vi ønskjer alle som er interessert i meir kunnskap om det stadig aukande miljøproblemet marin forsøpling, hjarteleg velkomen!
Temakvelden er gratis.
Instagramkonkurranse
Lag kunst av avfallet de finn og ta bilete av det! Du kan også bli med i konkurransen med morosame, vakre og stemningsfulle bilete frå strandryddinga. Publiser på Instagram med #strandryddedagenSSR. Vinnaren får eit gåvekort på kino verdi kr 500!
Korleis delta på ryddeaksjonane?
Strandryddedagen
Vi oppmodar grender, lag og organisasjonar til å samlast for å gjere strandryddinga til ei sosial samling. Det er også flott om dei som ryddar vil registrere ryddeaksjonen sin hos Hold Norge Rent og lage Facebookevent for den lokale ryddeaksjonen der ein kan invitere til deltaking.
17. mai rydding
NB: Ryddeaksjonar før 25. april må avtale med Linn Urke Osnes direkte for levering av avfall. SSR hentar ikkje raude sekkar ute på rute før ryddeperioden startar.
Lukke til, og takk for innsatsen!